«Torsdagsklubben ligg på is, inntil koronapandemien er over.

Vår gruppe er ekstra sårbar, derfor tek vi ingen sjanser på treff med smitte- mogeligheter.

Vi kjem attende med nærare info når smitten og samfunnet stabiliserer seg.»

 

Torsdagsklubben

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Os og nabokommunane.
Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune.

Døme på aktivitetar

Dags- og helgeturar i Os og nabokommunane.
Besøk hos organisasjonar og bedrifter i nærområdet.
Hagebesøk med grilling og musikk hos osingar med fine hagar.
Torsdagsklubben arrangerer konsertar i Kløvertun, Varafjell ressurssenter, på hagefestar, Kuhnletunet og Oseana kunst- og kultursenter.
Stor basar i Kløvertun ein gong i året.
Gardsbesøk
Førstehjelpskurs
Kunstnariske aktivitetar
Jole- og påskeverkstad
Rebusløp, bowling, ringdans, sittedans, karneval, julebord og mykje, mykje meir
Torsdagsklubben er sjølvsagt hjarteleg til stades i 17. mai-toget på Os.

Mål for Torsdagsklubben

Å vera ein trygg sosial arena.
Å auke sosiale ferdigheiter.
Å skape samhald.
Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet.
Medverknad.
Å gje medlemmane ansvar for drift av eigen klubb.
Å skape ein felles arena for tenesteytarar.

 

Les programmet for hausten 2024 på lenka under

Torsdagsklubben haust 2024

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten