Det historiske tunet på Lyngheim

Steinneset 47, 5200 Os
90 16 41 79
magne.brekke@gmail.com

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim er eigar av og pådrivar for det historiske tunet.

Stiftinga Lyngheim har som mål at den lange lemstova frå Tveit skal inngå i det historiske tunet på den kommunale frilufts- og parkeigedommen på Lyngheim, mellom Os og Solstrand. Det historiske tunet vil bli ein fin kulturell og sosial møtestad for alle aldersgrupper – eit vindauga mot historia i handverksbygda Os og ein base for kulturvandringar langs fjorden.

Det historiske tunet på Lyngheim i Os
-Ein møtestad for alle!

* ein kulturell og sosial møtestad for alle aldrar
* arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
* heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
* utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
* uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
* uteplassar og kvilebenkar ved fjorden
* offentleg tilgjengeleg toalett
* friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar
* nærmiljøtiltak for familiar, lag og foreningar

Det historiske tunet er driven av stiftinga og Vener av Lyngheim. Det er bygd på dugnad og med mange støttespelarar. Me kunne ikkje fått dette huset opp utan god støtte frå enkeltpersonar, bedrifter og fond. Eit godt sammarbeid med kommunen er og ei viktig brikke. Men det som virkelig har gjort at dette proskjektet har skilt seg ut er det enorme bidraget frå dugnadsgjengen. Utan dei ville det å få dette huset opp vore nærast umulig.
Les meir om dugnadsarbeidet i ein rikt illustrert rapport som du finn på nettsida vår.

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten