Hålandsdal idrettslag
Hålandsdalsvegen 532, 5640 Eikelandsosen | |
http://www.haalandsdalil.no/ | |
96 09 44 10 | |
post@haalandsdalil.no |
Hålandsdal IL er eit aktivt idrettslag med ca 200 medlemmer. Av dei er ca 45 aktive skiskyttarar.
Bygdastølen ski – og tursenter
Bygdastølen er ein idyllisk og godt gøymd stad i Hålandsdalen i Fusa kommune. Etter gamalt har bøndene i Hålandsdalen hatt sauer og kyr på beite her. Bygdastølen er eit sjeldant flott utgangspunkt for turar i fjellheimen heile året. Det er likevel om vinteren at Bygdastølen verkeleg kjem til sin rett. Hålandsdal idrettslag har laga eit kjempeflott skianlegg her. Det er preparert 5 kilometer med løyper her i tillegg til standplass for skiskyting med heile 30 blinkar, noko som er like mange som i verdscupen. Det vert arrangert krinsmeisterskap her kvart år. Om vinteren er det alltid mykje meir snø her enn i lågareliggjande delar av Fusa, som nede ved Eikelandsfjorden. Difor opnar løypene vanlegvis relativt tidleg. I vintersesongen mellom jul og påske vert alle løypene preparert kvar einaste dag. Frå parkeringsplassen er det om vinteren skiløype opp til skiskytaranlegget og konkurranseløypene. Alle løypene er lysløyper, og i vintersesongen kan ein ha lys i løypene fram til kl 21.30 kvar dag fram mot påske.
Ankomst: Frå hovudvegen tek du inn ved Holdhus skule. Skulen har også skiskytaranlegg og lysløyper; kor mange oppvekstsenter kan skilta med det? Etter eit par hundre meter tek du til venstre inn mot Hammarland, forbi gamle Holdhus kyrkje og Hålandsdalen leirskule. Fylg vegen heilt til endes. Den øvre delen av den i alt 5 km lange strekninga er verdt turen i seg sjølv, med ei majestetisk utsikt. Parker bilen og ta beina / skia fatt oppover til stadion. Til Bygdastølen er det bomveg og ein kan kjøpa enkeltturar (kontant eller vipps) eller årskort.
Holdhus rulleskiløype
Sommar:
Holdhus rulleskianlegg består av totalt 3 km asfaltert løype og skytebaneanlegg for skiskyting. Rulleskiløypa har trasèar på 0,5 km, 1 km, 2 km og 3 km, alt frå flat og lett løype til lengste trasè som er krevjande. Rulleskiløypa er open for alle, alle dagar. Ein føresetnad for bruk er at du nyttar hjelm ute i løypa.
Rulleskiløypa på Holdhus vert òg preparert jamnleg om vinteren så sant det er snø. Her er òg lysløype om vinteren.
Velkomen til rulleskitrening og skyting i eit flott og moderne anlegg!.
Båt/kystkultur
Dans
Diverse lag/foreining
Folkehelse
Folkeopplysning
Friluftsliv
Grendalag
Helse
- LHL Os
- NFU Bjørnafjorden
- NHF Bjørnafjorden
- Norsk Folkehjelp – Bjørnafjorden
- Os Pensjonistforening
- Os Røde Kors
- Os Sanitetsforening
- Torsdagsklubben i Os
Idrettslag
- Bjørnefjorden Golfklubb
- Hålandsdal idrettslag
- Nore Neset Idrettslag
- Os Basketballklubb
- Os Håndball
- Os Kobudokan Karateklubb
- Os svømmeklubb
- Os Taekwon-do Klubb
- Søfteland turn og idrettslag
- Strandvik idrettslag
Jakt og fiske
Kulturhistorie
Musikk
- Eikelandsosen skulemusikklag
- Holmefjord Musikklag
- Join Us Ten Sing i Os
- Kyriake
- Nore Neset skulekorps
- Os kammerkor
- Os Mannskor
- Os Trekkspelklubb
- Søfteland Musikklag
Politikk
Skyting
Teater/scenekunst
Ungdomslag
Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!
Liv Laga” i 100
Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!
Verdi 899,-
Påmelding til marknad@osogfusa.no