Torsdagsklubben

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Os og nabokommunane.
Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune.

Døme på aktivitetar

Dags- og helgeturar i Os og nabokommunane.
Besøk hos organisasjonar og bedrifter i nærområdet.
Hagebesøk med grilling og musikk hos osingar med fine hagar.
Torsdagsklubben arrangerer konsertar i Kløvertun, Varafjell ressurssenter, på hagefestar, Kuhnletunet og Oseana kunst- og kultursenter.
Stor basar i Kløvertun ein gong i året.
Gardsbesøk
Førstehjelpskurs
Kunstnariske aktivitetar
Jole- og påskeverkstad
Rebusløp, bowling, ringdans, sittedans, karneval, julebord og mykje, mykje meir
Torsdagsklubben er sjølvsagt hjarteleg til stades i 17. mai-toget på Os.

Mål for Torsdagsklubben

Å vera ein trygg sosial arena.
Å auke sosiale ferdigheiter.
Å skape samhald.
Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet.
Medverknad.
Å gje medlemmane ansvar for drift av eigen klubb.
Å skape ein felles arena for tenesteytarar.

Os og Fusaposten

Hei!

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike! Sjå PDF-fil under for info om avisas nye storsatsing. Vi lanserte 15. august. Sjekk ut desse  linkane:

På framsida til avisa:
http://www.osogfusa.no/external/liv-laga-demo

Side med lag og foreiningar:
http://tjenester01.agdermedia.no/os-fusaposten/liv-laga/

Eiga bakomside med info + link til lagets eiga nettside/Facebookside:
http://tjenester01.agdermedia.no/osogfusa-livlaga/nore-neset-strikkeklubb/

 

Les meir om «Liv laga» i denne PDF-en.

Send ein epost til marknad@osogfusa og meld på ditt lag idag!

© Os & Fusaposten