Os Ungdomslag

Hegglandsdalsvegen 100, 5211 Os
907 62 802
brimsholm@gmail.com
Os Ungdomslag vart stifta i 1890 og har soleis ein lang tradisjon i Os-bygdo. Laget har heile vegen vore ein kulturbærar av folkedans, songdans, folkeviser og folkemusikk. I tillegg har det hatt som føremål å gjera osingane , især dei unge, kjent med bygdehistoria si gjennom turar til «Steindalsetra» ved Midtsæter. Laget har hatt denne setra i sitt eige frå 1939, og sidan den gong hatt opne dører for skuleklassar, speidarar, turlag, ungdomslag, barnefamiliar, verksemder osb.. Setra er ein stad der dei får opplæring i å ta del i ein fellesskap, der samhald vert utvikla og dugnadsånd teken vare på. Her kan ein overnatte eller berre ta dagsturar om ein vil. Sjå nettstaden www.osungdomslag.no
 

Ungdomslaget har sine øvingar på Borgafjellet Barneskule. Her held me somme tider kurs i bygdedans som t.d. springar og halling, og gammaldans  som t.d. reinlendar og vals. Elles driv me med leikarring der både norske og internasjonale turdansar står på programmet. Dugande instruktørar har me òg.  Velkomen! 

Program og informasjon om laget finn du på www.osungdomslag.no og på Facebook

Os og Fusaposten

Os og Fusaposten samlar lag- og foreiningslivet i bygdene til eit rike!

Liv Laga” i 100

Liv laga har passert 60 og er på veg mot 100 registerte lag/foreiningar. MELD PÅ DITT LAG I DAG og vi trekkjer tre vinnarar når vi kjem til 100 som får EITT ÅR GRATIS!

Verdi 899,-

Påmelding til marknad@osogfusa.no

© Os & Fusaposten