Prosjektleiar

Engelsen Anlegg
Stord
Søknadsfrist: 30. april 2021
Publisert: 12. mars 2021

PROSJEKTLEIAR FOR SNARLEG TILTREDING

Vår kjerneverksemd er planlegging og produksjon innan grunn- og anleggsarbeid. Me utfører alle typer oppdrag, både for private og offentlege. Verksemda er medlem av EBA, og innehar sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse innan våre fagfelt.

Me held til på Stord, men tek på oss oppdrag i heile Sunnhordlandsregionen. Gjennom åra har me utført store og til dels kompliserte vegutbyggingar og kommunaltekniske arbeid i samband med dette.

Me er godkjent læreverksemd i anleggsmaskinkøyrar, samt veg og anleggsfaget. Verksemda har til ei kvar tid høg fokus på HMS/KS.

Arbeidsoppgåver:
• Kalkulasjon og anbodsrekning
• Framdrifts og ressursplanlegging i prosjekt
• Prosjektoppfølging både administrativt og ute på byggeplass
• Kontakt med byggherre og rådgjervarar

Krav til stillinga:
• Teknisk fagskule eller høgare utdanning
• Relevant erfaring kan erstatte ev. manglande formell utdanning
• Leiarerfaring innan relevant fagområde
• Gode norskkunnskapar – skriftleg og munnleg
• Solide datakunnskapar
• Førarkort klasse B

Me tilbyr:
• Konkurransedyktig løn etter kvalifikasjonar
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Me søkjer ein medarbeidar som er påliteleg, positiv og klar for faglege utfordringar. Me kan tilby spanande arbeidsoppgåver i eit engasjert og positivt arbeidsmiljø.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Torodd Olsen, mob. 930 59 588.
Søknad med CV skal sendast til: torodd.olsen@wengelsen.no, merka «søknad stilling prosjektleiar».

Sunnhordland