SYSTEMANSVARLEG FAGSYSTEM

Sunnhordland Kraftlag AS
Kraftproduksjon
Publisert: 9. september 2022

Har du interesse for data og vil du stå på for rein og fornybar kraft?

Me søker

SYSTEMANSVARLEG FAGSYSTEM

Me har store ambisjonar om å betre nytta oss av alle data me har i våre fagsystem, både for å halda oversikt, ta betre avgjersler og effektivisera med integrasjonar til fleire av systema våre på tvers av selskapet.

Til dette ønsker me deg som likar å arbeida breitt med data og system, som kan bidra til å strukturere data, arbeida for å sikra gode data inn frå brukarar, analysera, presentera i dashbord, rapportera og arbeida med integrasjonar. For det handlar om berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.

SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg framstår me som eit solid og framtidsretta selskap i utvikling. Stillinga blir ein del av stab og rapporterer til leiar i stab.

Din kompetanse:
Fortrinnsvis relevant høgare utdanning
Fortrinnsvis erfaring med systemforvaltning
Det er ikkje krav, men me er interessert i kva du kan om databasar og skytenester; AWS, Oracle, Azure og SQL. Samt programmering i til dømes Python og C# og web
Ingen ulempe om du har kjennskap til energibransjen
Sertifikat klasse B

Dine personlege eigenskapar:
Flink å kommunisera og forklara, forstår kor behova og utfordringane er
Analytisk, lærevillig og nysgjerrig
Sjølvgåande og initiativrik
Strukturert til å gjennomføre det som er sett i gang

Vi tilbyr:
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor folk blir lenge
Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
Gode personal- og velferdsordningar

Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord.

Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888.
Eller med økonomisjef, Knud Nagell Dahl, på 975 56 190.

Les meir her

OM SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland og Rogaland fylke. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. Hovudkontoret er på Stord med einingar i Matre og Etne.

Sunnhordland