Økonomidirektør

Helse Fonna
Haugesund
Søknadsfrist: 20. august 2021
Publisert: 2. juli 2021

Vi søkjer ein dyktig og drivande økonomidirektør som skal ha ansvaret for økonomistyring, rekneskap og rapportering.

 

Du vil ha det overordna ansvaret for at føretaket til ei kvar tid har gode styrings- og rapporteringssystem som sikrar drift i samsvar med vedtekne økonomiske rammer. Helse Fonna er i ferd med å planlegge og gjennomføre store bygningsmessige investeringar til fleire milliardar kroner. Økonomidirektør vil ha ei sentral rolle i planlegging og rådgjeving i prosjekta. Den rette personen vil og vere sentral i å medverke til vidare utvikling av organisasjonen og til effektiv og god drift. Stillinga rapporterer til administrerande direktør og inngår i føretaksleiinga.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av økonomiavdelinga
  • Ansvar for / deltaking i etablerte prosessar, rutinar og prosedyrar innan økonomi/rekneskapsområdet i føretaket
  • Vidareutvikle system og rutinar for god styrings- og leiingsinformasjon.
  • Koordinere og leie budsjettprosessar og andre prosessar mellom anna knytt til vidareutvikling av økonomifunksjonen i føretaket
  • Saksførebuing til styret og eigar
  • Deltaking på samordningsarenaer i konsernet
  • Tenesteyting og støtte til linjeorganisasjonen
  • Månadleg rapportering, og analysar av utvikling i verksemda
  • Gi råd og støtte til administrerande direktør og føretaksleiinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning, gjerne siviløkonom eller master i økonomi og leiing, eller tilsvarande
  • Brei erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid
  • Erfaring frå leiande stilling innan økonomi i større kompleks organisasjon, gjerne frå helse
  • Røynsle frå verksemdstyring, endrings- og utviklingsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, på både målføre

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og med stor arbeidskapasitet og sterkt engasjement
  • God som relasjonsbyggjar, tydeleg og med høg integritet
  • Strategisk og initiativrik
  • Stor gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Eit godt, spanande og utfordrande arbeidsmiljø
  • Store moglegheiter til å påverke sentrale utviklingsprosessar i organisasjonen
  • Fagleg og personleg utvikling og læring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

For meir informasjon om stillinga kontakt våre rådgjevarar Per Inge Hjertaker/ Alexander Wold Hjertaker hos Headvisor tlf. 91729682/ 97528649, ellers adm.dir Olav Klausen, tlf. 95231637.
Kortfatta søknad snarast og seinast 20.august.

Søknadsskjema:

https://candidate.hr-manager.net/ApplicationInit.aspx?cid=392&ProjectId=179054&DepartmentId=17451&SkipAdvertisement=true

Sunnhordland