Leiar for risiko- og compliance-området

Tysnes Sparebank
Heiltid
Husnes, Stord, Våge på Tysnes
Bank Økonomi og regnskap
Søknadsfrist: 30. oktober 2020
Publisert: 7. oktober 2020

Har du lyst å jobba med risikostyring
og compliance i ein framtidsretta bank?

Leiar for Risiko- og Compliance er ansvarleg for rådgjeving, analyse, kontroll og oppfølging av kreditt-, likviditets-, marknads- og operasjonell risiko i Tysnes Sparebank. Ansvarleg for Risikostyring og compliance skal leggja til rette for og sikra at banken etterlever regelverket.
Me ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig og tar eigarskap til relevante prosessar.

Arbeidsoppgåver vil vera:
 Risiko og Compliance-rapportering til styret og leiinga i samsvar til instruksar
 Regelmessig vurdera om interne retningslinjer, prosedyrar og tiltak er tilstrekkeleg effektive
 Utarbeide risikovurderingar og bidra til å avdekke risiko-område som bør forbetrast
 Gjennomføre vurderingar av compliance-risiko
 Vera tilretteleggjar og bidra til utvikling og forvaltning av rammeverk for risikostyring og internkontroll
 Andre oppgåver avhengig av bakgrunn og erfaring

Arbeidsstad kan vera fleksibelt mellom Husnes, Stord og Våge på Tysnes.

Kven er du?
For å lukkast i rolla, må du vera analytisk og initiativrik, samt ha ei sterk interesse for prosessforbetring. Du har solid arbeidskapasitet og trivst godt i ein organisasjon med høgt tempo og engasjement. Du er ansvarsbevisst, samarbeider godt og framstår som ein positiv bidragsytar.

Ønska kvalifikasjonar:
 Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå, jurist, siviløkonom, revisor eller tilsvarande
 Erfaring frå revisjon, controlling eller tilsvarande stilling i samanliknbart selskap er relevant
 Erfaring og interesse for regulatoriske forhold
 God IT- og systemforståing
 Sterk gjennomføringsevne og strukturert tilnærming
 Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
 Erfaring frå og/eller interesse for bank er ein fordel

Om oss:
Tysnes Sparebank er ei solid og framtidsretta bedrift som stadig er i utvikling.
Fagleg utvikling hos medarbeidarane er viktig. Me har ein sosial og hyggeleg
arbeidsplass med ein uformell kultur der det er høgt under taket, og du vil
arbeida tett saman med øverste leiing i banken.
I dag har Tysnes Sparebank 18 tilsette.

For meir informasjon om stillinga, kontakt banksjef Dag Sandstå
(tlf. 900 89 084) eller økonomisjef Karoline Dalen (tlf. 975 48 996).
Me ser fram til å høyra frå deg. Søknader kan sendast til HR-ansvarleg
i banken, Kristine Frugård, kfr@tysnes-sparebank.no

Sunnhordland