Ledige stillingar

Engelsen Anlegg
heiltid
Stord
Bygg og anlegg Industri
Søknadsfrist: 10. juli 2020
Publisert: 19. juni 2020

Grunna auka oppdragsmengd søkjer me etter
høvesvis maskinkøyrar, anleggsrøyrleggjar og
grunnarbeidar for fast tilsetting.

Er du ansvarsmedviten og har ynskje om å arbeida sjølvstendig i eit engasjert og aktivt arbeidsmiljø er du kanskje den me vil ha med oss på laget.

Anleggsmaskinkøyrar m/fagbrev:
Me søkjer etter ein erfaren, sjølvstendig og ansvarleg maskinførar til varierte oppdrag.
Søkjar må kunna utføra gravearbeid etter gjeldande teikningar og beskrivelsar.

Anleggsrøyrleggjar:
Me søkjer etter ein erfaren og fleksibel anleggsrøyrleggjar med god kompetanse innan grøftearbeid og VA. Arbeidsoppgåver vil vera
planlegging og gjennomføring av røyrinstallasjonar, legging av vass- og avlaupsrøyr, kopling av
kummar, montering av overvass- og infiltrasjonsanlegg, utfylling av sjekklister i samband med KS-dokumentasjon og anna grunnarbeid. ADK-sertifikat og førarkort klasse B er eit krav. Det er ein fordel å ha sertifikat for PE-sveising.

Grunnarbeidar:
Me søkjer etter ein fleksibel grunnarbeidar/
handmann med erfaring frå grøftearbeid og VA.

Vedkomande må vera van med utandørs fysisk arbeid, og kunna ta i eit tak. Du vil arbeida som grunnarbeidar på våre prosjekt og utføra mykje av det manuelle arbeidet, samt arbeida saman med maskinkøyrar og anleggsrøyrleggjar. ADK sertifikat er ein fordel. Førarkort minimum klasse B.

Felles for stillingane:
Tidlegare erfaring i faget er eit krav.

Løn etter kvalifikasjonar, gode forsikringsordningar- og arbeidsvilkår.

Me søkjer etter medarbeidarar som er til å stole på, positive og med stå-på vilje, som kan passa inn i vårt team. Arbeidsstad vert i hovudsak Stord,
men det kan og verta aktuelt med arbeid i heile Sunnhordlandsområdet. Søkjar må meistre norsk,
både munnleg og skriftleg. Me kan tilby spanande og varierte arbeidsoppgåver.

Snarleg tiltreding.

Engelsen Anlegg as har i dag 28 tilsette.

Spørsmål om stillingane kan rettast til dagleg leiar, Torodd Olsen, tlf.: 93 05 95 88, eller driftsleiar
Kjetil Silden, tlf.: 97 05 95 80

Søknad med CV sendast til: to@wengelsen.no innan 10.07.20, merka «søknad maskinkøyrar/
søknad anleggsrøyrleggjar/søknad grunnarbeidar».

Sunnhordland