Økonomisjef

Stord kommune
Stord
Økonomi og regnskap
Publisert: 12. november 2021

Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd», og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.

 

Stord kommune er administrativt organisert etter ein to-nivåmodell, der einingsleiarane er tildelt utstrakt mynde når det gjeld økonomi og personalforvaltning. Rådmann, kommunalsjefar og einingsleiarar er organisert på line, medan økonomi og rekneskap, ikt, løn og personalarbeid er lagt i stab. Stillinga som økonomisjef inngår i rådmannen si leiargruppe og har det faglege  og administrative ansvaret for økonomi og rekneskap, med til saman 11 medarbeidarar.

Økonomisjefen har ansvar for økonomiplan- og budsjettarbeid, rekneskap, økonomistyring og rapportering til administrativ og politisk leiing. Økonomisjefen samarbeider tett inn mot tenesteområda i kommunen som økonomisk rådgjevar og ressurs.

Økonomisjefen vil få spanande utfordringar i ein kommune i utvikling og med positive og dyktige medarbeidarar. Me søkjer etter ein fagleg sterk økonomisjef, med strategiske og analytiske evner, handlekraft og gjennomføringsevne. Me ønskjer oss ein økonomisjef som har gode samarbeidsevner og som er eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet.

Vår nye økonomisjef må vere opptatt av utvikling og kunna arbeida sjølvstendig.  Han eller ho må ha god munnleg og skriftleg  framstillingsevne og ein ryddig og strukturert arbeidsstil. Økonomisjefen må ha relevant høgare utdanning  og  arbeidserfaring.  Han eller ho har god rolleforståing og forståing for det å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Silje Bolset, tlf. 975 59 049. Du kan og kontakte rådmann Magnus Mjør, tlf. 916 44 039.

Søk på stillinga på www.mercuriurval.no snarast, og seinast innan 29.11.2021. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.

Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova § 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off. søkarliste.

GENERELT FOR STILLINGAR I STORD KOMMUNE:

Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.  Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Kommunen tilbyr svært gode pensjons- og forsikringsordningar.  

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje

no

Sunnhordland