Elektroingeniør

Multiconsult
Søknadsfrist: 5. desember 2022
Publisert: 16. november 2022
Multiconsult Norge AS avdeling Stord er i vekst, og me ønskjer å styrke vår kompetanse innan elektroteknisk prosjektering. Me ser difor etter ein rådgjevande ingeniør innan elkraft. Det er ein fordel om du er etablert i Sunnhordland. 

Er du vår nye

elektroingeniør?

 

Elektrogruppa på Stord er samansett av 5 erfarne elektroingeniørar. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldrive kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til prosjektgjennomføring.

Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarar i bransjen, både blant studentar og erfarne. Er du nysgjerrig på kvifor?

 

ARBEIDSKVARDAGEN I EI AV DEI MEST ATTRAKTIVE RÅDGJEVARVERKSEMDENE I NOREG

I rolla som elektroingeniør vil du kunne ta del i store, komplekse og tverrfaglege prosjekt innan bygg og anlegg, industri og landbasert akvakultur. I våre prosjekt får du høve til å rådgje kunden innan smarte og berekraftige energiløysingar

Hos oss vil du få vere med og vidareutvikle vårt elektromiljø. Vidare ønskjer me å leggje til rette for at du får ein arbeidskvardag med utviklande og interessante arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling. I Multiconsult har me eit utstrakt fagleg samarbeid på tvers av kontora våre for å gjere nytte av dei beste tilgjengelege løysningane til ei kvar tid.

Hovudsakleg vil dine arbeidsoppgåver vere knytt til prosjektering og rådgjeving for våre offentlege og private kundar. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Rådgjeving i tidlegfase
  • Rådgjeving innan fornybar energi og smarte energiløysingar
  • Prosjektering og oppfølging av elektrotekniske anlegg
  • Utarbeide kravspesifikasjonar og skildringar
  • Oppdrags- og disiplinleiing
  • 3D-modellering i teikneprogrammet Revit
  • Kortslutningsberekningar
  • Lysberekningar og lysdesign, innvendig og utvendig
  • Tverrfagleg koordinering mot eksterne og interne arkitekt- og rådgjevarmiljø
  • Deling og kompetanseutvikling gjennom vårt tverrfaglege rådgjevarmiljø

KVA ØNSKJER ME AV DEG

  • Du har høgskule-/ universitetsutdanning, eventuelt anna relevant utdanning kompensert med erfaring
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er flink til å formulere deg, munnleg og skrifteleg
  • Du er kreativ og løysningsorientert
  • Du har erfaring med 3D-modellering og teikningsproduksjon
  • Du er fagleg trygg og interessert i faget
  • Du tar initiativ, søker kunnskap og er framoverlent
  • Du er uredd og sjølvgåande
  • Du er positiv og kommuniserer godt med kollegaer og kundar

BLI EIN DEL AV MOGLEGGJERINGSKULTUREN I MULTICONSULT

Mogleggjeringskulturen i Multiconsult handlar om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing. Kanskje er det akkurat deg me treng på laget?
Er du ein person med gode samarbeidseigenskapar som likar å jobbe i tverrfagleg team? Har du eit brennande fagleg engasjement, samt interesse og forståing for andre involverte fagområde? Da kan det vere akkurat deg me leiter etter.

KVA MEIR KAN ME TILBY DEG?

  • Spennande og langsiktige karrieremoglegheiter
  • Mogelegheit for å delta i store nasjonale prosjekter
  • Ein god balanse mellom arbeid og fritid
  • Heimekontor etter avtale med leiar
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
  • Bedriftsidrettslag og ulike sosiale arrangement og avdelingsturar.
  • Lyse og trivelege arbeidslokale med felles kantine saman med dei andre føretaka i Kunnskapshuset
  • Godt utstyrt treningsrom
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt aksjespareprogram
  • Fem vekers ferie, fri i romjula og i påskeveka, samt fleksibel arbeidstid
  • Firmahytter rundt om i landet

LITT MEIR OM OSS

Multiconsult avdeling Stord er det største rådgjevarmiljøet mellom Bergen og Stavanger. Me tilbyr rådgjevartenester til privat og offentleg sektor, med hovudtyngde innan industri og bygg- og eigedom.

Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, me handsamar søknader fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!

 

Kontaktperson Steinar Kjerpeseth, seksjonsleder. Tlf: 992 43 790.

 

Søk på sillinga her

Sunnhordland