Driftsoperatør

Alsaker Fjordbruk
Søknadsfrist: 1. oktober 2021
Publisert: 7. september 2021
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar. Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar marineserviceverksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde og eigedomsutvikling. Me har om lag 2,2 milliard NOK i omsetning og er om lag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

 

Tysnes Fjordbruk AS har pr. i dag matfiskproduksjon på 5 lokalitetar i Sunnhordland; Flornes, Lindarholmen, Onarøy, Skorpo og Ystanes. Selskapet har base på Onarheim, i Tysnes kommune, og dagleg utfart frå m.a Malkenes, Onarheim, Skorpo og Ølve. Totalt er me 15 motiverte og kjekke tilsette, som no søkjer ny medarbeidar.


Driftsoperatør Tysnes Fjordbruk

Arbeidsoppgåver:
Produksjon av sunn og god mat til kundar over heile verda
Fôring, kontroll og stell av laks og rensefisk
Drift og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
Produksjons og kvalitetsoppfylging
Operere båt, kran og anna mekanisk utstyr
Deltaking i helgevaktsordning

Ynskjelege kvalifikasjonar:
Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
Engasjert og initiativrik
Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
Sjømannskap/teknisk innsikt, fordel om du har VHF, G20, trucksertifikat og sikkerhetskurs
Løysingsorientert med gode samarbeidsevner
Likar utearbeid i all slags vêr og vind

Me kan tilby deg:
Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit ungt, triveleg og hektisk miljø
Naudsynt opplæring
Arbeid i eit spennande miljø

Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja!
For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med driftssjef Bjørn Tore Malkenes
på tlf. 99 21 01 25


Registrer din søknad på
www.alsaker.no

Sunnhordland