Dagleg leiar

Stord Næringsråd
heiltid Leiar
Stord
Kontor og administrasjon Næring
Søknadsfrist: 14. april 2020
Publisert: 6. mars 2020

Stord Næringsråd er ein frittståande interesseorganisasjon, og det sjølvskrive fora for diskusjon av spørsmål som vedkjem næringslivet i Stord. Stord Næringsråd er ein synleg interesseorganisasjon og talerøyr for næringslivet, som jobbar for eit lokalsamfunn med fokus på verdiskaping. Frukostmøta er vår faste møteplass for påfyll og relasjonsbygging, og i 2019 var det 722 deltakarar på frukostmøta. Stordkonferansen, som i 2019 var arrangert for 20. gong, er eigd av Stord Næringsråd, og er det største enkeltarrangementet vårt. Atheno og NCE Maritime CleanTech er medarrangørar på Stordkonferansen. Stord Næringsråd har lokale i Kunnskapshuset i kontorfellesskap med mange andre bedrifter og organisasjonar. Våre hovudsamarbeidspartnarar er Kværner, Sparebanken Vest og Haugaland Kraft. Stord Næringsråd er med i Næringsalliansen, Vestland.

Stord Næringsråd søkjer dagleg leiar

Me er på jakt etter deg som ser jobben som ein moglegheit til å vidareutvikle Stord Næringsråd, godt forankra i det fundamentet som er bygd opp dei siste åra. Med samfunnsengasjement og entusiasme for eit næringsliv i endring, blir din jobb saman med medlemmene å skapa gode møteplassar med fagleg påfyll. Dagens leiar vil frå 1. september 2020 gå over i nyoppretta prosjektstilling, og ha ein mindre fast stillingsprosent i Stord Næringsråd.

Du må:
– Ha kjennskap til verdiskapinga og næringslivet på Stord og i regionen.
– Vera strukturert og operativ med evne til å jobba sjølvstendig.
– Ha kjennskap til dei ulike forvaltningsnivåa i det offentlege.
– Ha evne og interesse for å bygga nettverk, samt ha god rolleforståing.
– Vera god i munnleg og skriftleg kommunikasjon. Stord Næringsråd brukar nynorsk som skriftspråk.
– Ha god kjennskap til bruk av sosiale medier.

Det er ønskjeleg at du har leiarerfaring, og god strategisk kompetanse. Det er også ønskjeleg med høgare utdanning på minimum Bachelor nivå, og at du har arrangementskompetanse.Som talerøyr og høyringsinstans for næringslivet er det viktig at du har evne til å gje konstruktive og balanserte innspel.

Me tilbyr ein spanande jobb, kor du får moglegheit til å utvikle deg, og til å setje ditt preg på Stord Næringsråd. Me tilbyr løn etter avtale, kantineordning og godt arbeidsmiljø i eit velfungerande kontorfellesskap i Kunnskapshuset.

Send søknad til: post@stordnaeringsraad.no. Tilsetjing frå 1. september 2020.
For spørsmål ta kontakt med styret ved Karoline Eldøy, mob. 906 61 631.

Sunnhordland