ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Finnås Kraftlag
heiltid Leiar
Bremnes
Kraftproduksjon
Søknadsfrist: 31. mars 2020
Publisert: 6. mars 2020

Er du ein samfunnsengasjert leiar som ønskjer ei unik leiarutfordring i Bømlo sitt eige kraftselskap?

Finnås Kraftlag spelar ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet på Bømlo. Dette har me gjort som tilbydar av både straum og digital kommunikasjon, og som ein aktiv samfunnsaktør. Kraftbransjen er i stor endring. Ny teknologi og endra rammevilkår gjev nye moglegheiter og utfordringar. Me var tidleg ute med å ha full breibanddekning, og me skal vera offensive også i framtida. Me skal bestå som sjølvstendig kraftselskap, og me skal syta for gode samarbeidskonstellasjonar som kjem kundane våre til gode. Finnås Kraftlag skal alltid vera konkurransedyktig og setja kunden først. Til å leia utviklinga av kraftlaget i ei spanande tid søkjer me no administrerande direktør. Me ser etter ein person som har syn for kraftlaget sin eigenart og som fullt ut kan identifisera seg med dei sterke verdiane til selskapet. Saman med ein kompetent organisasjon og eit engasjert styre, vil du syta for at Finnås Kraftlag møter framtida på ein offensiv måte.

Ansvarsområde:
Som administrerande direktør vil du ha det øvste ansvaret for heile verksemda og rapportera til styret i konsernet. Saman med styret og organisasjonen elles vil du syta for eit tydeleg fokus på dei strategiske målsetjingane. I dette vil du vera ein pådrivar for utvikling både internt og saman med andre samarbeidspartnarar. Du vil også syta for at kraftlaget forvaltar eigarinteressene sine på ein tenleg måte.
Gjennom å byggja vidare på servicekulturen som kjenneteiknar selskapet, vil du syta for at heile organisasjonen utviklar seg og nyttar moglegheitsrommet som kjem av dei mange endringane i bransjen. Du legg vekt på gode relasjonar, og nyttar dei mellommenneskelege evnene dine til å skapa samhald og samhandling mot felles mål.

Kva ser me etter?
Me ser etter ein dyktig og erfaren leiar med god forretningsforståing, som er van med å arbeida både på eit operativt og strategisk nivå. Du har gjerne høgare teknisk eller økonomisk utdanning, sjølv om dette ikkje er eit krav. Me trur at du har erfaring med kva som må til for å motivera for endring og utvikling, og du veit at både kultur og menneske krev klokt leiarskap. Du har tidlegare fått god bruk for dei relasjonelle evnene dine, og har vore i situasjonar der det var viktig å opptre på ein truverdig og omgjengeleg måte. Det vil vera ein fordel om du også har erfaring med å vera ein pådrivar for nytenking.

Me kan tilby:
Me kan tilby ei toppleiarstilling i ei av dei viktigaste verksemdene på Bømlo. Selskapet har ein unik posisjon både marknadsmessig og i lokalsamfunnet elles. Du vert ein del av eit godt arbeidsmiljø som er sterkt prega av serviceinnstilling og høg fagkompetanse. Me har konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Ønskjer du ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga?
Ta kontakt med våre rådgivarar i Human, Geir Haraldseid på mob 950 65 981, eller Odd Arild Sævik på mob 450 21 995. Spørsmål kan óg rettast til styreleiar i Finnås Kraftlag, Torleiv Fylkesnes, på mob 91 38 07 30.

All kontakt vert handsama konfidensielt, også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase om ønskjeleg.

Sunnhordland