Driftsoperatør

Sunnhordland Trykk
Distribusjon
Publisert: 13. mai 2022

Sunnhordland trykk produserer trykksaker og trykkjer fleire aviser ved sida av vår eiga avis. Mediehuset Sunnhordland har 33 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv. Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer.

 

Driftsoperatør pakkeri, Sunnhordland trykk

Me har ledig fleire deltidsstillingar i vårt pakkeri (trykkeri) på Heiane Næringsområde. Arbeidstidene er faste, men kan vera fleksible for å tilpasse. I hovedsak er det ettermiddag og kveld.

Me produserer pr i dag 21 ulike avistitlar. I tillegg har me ein del enkeltoppdrag.

Arbeidsoppgåver/kvalifikasjonar:
– Jobbe i team for å sortere/pakke avisene til ulike distribusjonspunkt.
– Stillinga inneberer hektiske, men varierte arbeidsdagar.
– Arbeidet krever høg konsentrasjon og nøyaktighet.
– Ynskje om teknisk interesse/forståelse for å kunne handtere maskiner og utstyr. Dette er ein viktig del av flyten i produksjonen.

Me ynskjer at du er løysingsorientert, serviceinnstilt og har høg arbeidsmoral. Likar å jobbe både sjølvstendig og i team. Har godt humør og er inkluderande.

Løn etter avtale.

Send søknad eller spørsmål om stillinga til arne@sudi.no eller reidar@sunnhordland.no

Ein kan og ringa: Arne: 907 37 433 / Reidar 906 76 983

Søknadsfrist: Snarast

Sunnhordland