Utviklingsrettleiar FOS

Sveio kommune
Søknadsfrist: 5. januar 2022
Publisert: 17. desember 2021

Utviklingsrettleiar FOS

Forum for Oppvekst i Sunnhordland


Forum for Oppvekst i Sunnhordland har ledig stilling som utviklingsrettleiar frå januar 2022.

(FOS) er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio og driv kompetanseutvikling for tilsette i oppvekstsektoren i medlemskommunane.

Informasjon om stillinga:

Me har ledig 100% stilling som utviklingsrettleiar for samarbeidet. Utviklingsrettleiar har ansvar for å leia/koordinera all verksemd i FOS i tett samarbeid med styringsgruppa (kommunalsjef/sektorleiar frå kvar kommune) og dei andre undergruppene. Utviklingsrettleiar er sekretær for styringsgruppa og dei andre undergruppene etter avtale. FOS-samarbeidet er kjenneteikna av tett samarbeid mellom medlemskommunane og andre eksterne aktørar som t.d. høgskular, statsforvaltar, andre regionsamarbeid, mfl.

Fast arbeidsstad og formell arbeidsgjevar vert avtala ved tilsetjing og vil ta omsyn til den tilsette sin bustad og ønskjer. Alle dei 6 kommunane i samarbeidet kan vera aktuell som arbeidsstad/arbeidsgjevar. Det kan også bli aktuelt med arbeidsoppgåver for den einskilde kommune der utviklingsrettleiar vert tilsett. Den som vert tilsett må rekna med noko reiseverksemd.

 Søknadsfrist: 05.01.2022
 Arbeidsgivar: Sveio kommune
 Stillingstittel: Utviklingsrettleiar FOS
 Heiltid / Deltid: Heiltid
 Tilsetjingsform: Fast
 Stillingsprosent: 100
 Webcruiter-ID: 4460750698
Arbeidsoppgåver
  • Leia all verksemd i FOS i tett samarbeid med styringsgruppa og dei andre undergruppene
  • Vera prosessleiar for dei ulike gruppene
  • Bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av lokale kompetanseutviklingsordningar som t.d. Rekom, Dekom og Kompetanseløftet
  • Vera bindeledd og relasjonsbygger opp mot eksterne samarbeidspartar
  • Bidra aktivt til å utvikle gjensidige og forpliktande partnarskap i regionen
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere kompetanseutviklingstiltak basert på behova i kommunane
Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning, fordel med pedagogisk kompetanse
  • Fordel om du har erfaring frå offentleg sektor, gjerne oppvekstsektoren
  • God systemforståing generelt og god forståing for oppvekstområdet spesielt
  • God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
  • God formuleringsevne, både skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter
  • Fleksibel og med stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
  • Spennande oppgåver i samspel med utviklingsorienterte kommunar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Offentleg pensjonsordning
  • Løn etter avtale
Bjørn Håvard Bjørklund
Styreleiar FOS
 975 00 432
Sunnhordland