Dagleg leiar

Fitjar Idrettslag
Fitjar
Publisert: 16. juli 2021

Vår noverande dagleg leiar har gått over til nye utfordringar og me er på jakt etter ein etterfølgjar. Stillinga er 100 %. Hovudstyret ønskjer å vedlikehalda og halda fram med de rutinane og arbeidsmetodikken som er utviklet i idrettslaget. Stillinga rapporterer til hovudstyret ved styreleiar. 


ME SØKJER DAGLEG LEIAR

 

Viktige oppgåver vil vera:

  • Klubbutvikling
  • Arbeid ut mot sponsorar og samarbeidspartnarar
  • Marknadsføring av idrettslaget
  • Bindeledd mellom hovudstyret og dei ulike utvala
  • Medlemsservice – ta imot innkomande førespurnadar
  • Ansvar for idrettslaget si heimeside
  • Kontering av innkomne fakturaer – enkel bilagshandtering
  • Fakturering
  • Koordinering av arrangement
  • Drift og kundeoppfølging av Fitjar treningssenter, eigd av Fitjar idrettslag
  • Medlemsregistrering
  • Drakt og utstyrskoordinator

Me søkjer etter ein kandidat som gjerne har høgare utdanning innan sport management/idrettsleiing eller økonomisk-administrativ utdanning. Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Det er ein fordel om du har erfaring som frivillig i idretten, kjenner til idretten sitt regelverk og idretten si organisering. Viktige eigenskapar for å lukkast i stillinga er evna til å vera sjølvstyrt, strukturert, målretta, omgjengeleg og lyttande.

Fitjar IL kan tilby spanande oppgåver, der du får høve til å påverka og utvikla eigen arbeidsplass. Arbeidstida vil primært vera på dagtid, men nokre
kveldar og helgar må påreknast ved styremøte og enkeltarrangement.

Arbeidsstad: Fitjar kultur og idrettsbygg.
Løn etter avtale.
Tiltreding etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga blir gitt av styreleiar, Geirmund Aga, 952 08 838.

Kortfatta søknad med CV sendes til; geirmund.aga@gmail.com

Søknadsfrist: 9. august 2021

 

Sunnhordland