SKL søkjer rekneskapsmedarbeidar

Sunnhordland Kraftlag
Stord
Rekneskap
Søknadsfrist: 31. desember 2020
Publisert: 16. desember 2020

SKL går inn i ein periode med stor vekst og treng ein medarbeidar innan fagområdet økonomi:

Rekneskapsmedarbeidar

Sentrale oppgåver:
• Løpande bilagshandtering
• Periodeavslutting, avstemming og kontroll
• Utarbeiding av analyser og rapportering av nøkkeltal
• Vere ein pådrivar for utvikling av rutinar
• Vere ein støttespelar for andre avdelingar
• Andre varierte oppgåver etter behov

Kompetanse:
• Relevant utdanning frå høgskule eller liknande.
• Kunnskap og erfaring innan fagområda meirverdiavgift, skatt, avgifter og lønn/HR er ein fordel
• Initiativrik, motivert og resultatorientert
• Gode evner til tverrfagleg samarbeid
• Gode IT kunnskapar, kjennskap til Visma Business er ein fordel
• Gode kunnskapar i norsk og engelsk

Me tilbyr ei spennende stilling i eit selskap i vekst. Stillinga er eit 2 årig engasjement, men med moglegheit for fast stilling. SKL har eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplassen er sentralt plassert midt i Leirvik sentrum.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga. Kontaktperson er avdelingsleiar Knud Nagell Dahl, mobil 97 55 61 90 eller Irene Loftheim, mobil 97 55 60 27.

Søknad og CV sendast til jobb@skl.as

SKL er ein vasskraftprodusent som årleg produserer om lag 2.700 GWh elektrisk energi. Det er nok til 150.000 husstandar – eller om lag forbruket til Bergen by. Vasskraft er naturleg og berekraftig. Me forvaltar våre felles naturressursar og gjev energi attende til lokalsamfunnet.

Sunnhordland