Dagleg leiar

Huglabutikken
Heiltid
Huglo
Varehandel / Daglegvare / Butikk
Søknadsfrist: 31. desember 2020
Publisert: 1. desember 2020

Huglabutikken AS er vidareføring av ein tradisjonsrik handelsstad på Nordhuglo, og har sidan 2006 vore eit aksjeselskap eigd av fastbuande og hytte-eigarar på øya. Huglo høyrer til Stord kommune og har godt ferje-samband til Stord og Tysnes. Huglo har ca 100 fastbuande, og mange hytter og fritidsbustader. Butikken vår har hatt ei god utvikling gjennom fleire år, og omsetninga for 2020 vert ca 5 mill. Butikken har 2-3 deltidstilsette i tillegg til dagleg leiar på fulltid. Butikken er ein miljøskapar på øya, og er viktig for å halda oppe eit livskraftig lokalsamfunn. I tillegg til daglegvarer tilbyr butikken drivstoff, tipping og post-distribusjon og pakkeutlevering. Butikken har også gjestehamn for småbåtar. Det statlege Merkurprogrammet har vore ein viktig bidragsytar til oppgradering av butikken, seinast med nytt komplett drivstoff-anlegg som vart ferdigstilt i november. Butikken er medlem av Nærbutikken i Norgesgruppen.

Huglabutikken AS søkjer no etter dagleg leiar

• Den me ser etter må ha kremmar-ånd og interesse for butikkdrift.
• Du må trivast med å gi god service og gode handle-opplevingar for kundane.
• Du vil spele på lag med eit aktivt styre. Saman med andre på øya vil me arbeide for å utvikle butikken som ein god møteplass.
• Som har lyst til å utvikle butikken vidare.
• Du får totalansvar for drifta av butikken, inkludert personalansvar og økonomi.
• Dagleg leiar må oppretthalde og utvikle god kontakt med kjedeleiing og offentlege støtteordningar.

Nødvendig opplæring vil bli gitt. Me legg opp til god overlapping med dagens leiar, og ynskjer tilsetjing sommaren 2021.
Me kan vere til hjelp med å formidle bustad på Huglo.
Om dette freistar og du ynskjer å jobba i perla i Sunnhordland, ser me fram til å lesa søknaden din!
Fleire opplysningar om stillinga frå styreleiar, Per Egil Sæter på tlf 46782767

Skriftleg søknad til:
Huglabutikken AS, Nordhuglo 5, 5413 Huglo.
Søknadsfrist: 31. desember
narbutikken.huglo@narbutikken.no

Sunnhordland