Læringsverkstedet Sæ søker styrar

Læringsverkstedet Sæ
Styrar
Stord
Barnehage
Søknadsfrist: 30. november 2020
Publisert: 6. november 2020

Bli med og få verdens viktigste verdier til å vokse! Har du hjarte for barn og er oppteken av jobbautonomi for dei tilsette? Ynskjer du å vidareutvikle ein allereie veldriven barnehage? Då er dette jobben for deg! Læringsverkstedet Sæ ligg sentralt til på Ås, ca 10 min gange frå Leirvik sentrum.
Barnehagen har 7 avdelingar med 124 barn i alderen 0 – 6 år. Me nytter naturen og nærmiljøet aktiv kvar dag. Nærmiljøet med tilgang til museumsskogen og eit lite hus i parken, vert mest nytta av dei minste frå 0 – 3 år. Med ein fast lavvoplass og to minbussar kan barn frå 3 – 6 år utforske strand, skog og fjell på vårvakre øy.

Arbeidsoppgaver
Styrar har hovudansvaret for at heile barnehagen
er ei trygg, innhaldsrik og målretta verksemd.
I tillegg skal styrar:
• Leie sine tilsette, gi opplæring av høg kvalitet og kommunisere
på en inspirerande måte, slik at medarbeidarane vert engasjerte, og bidreg til at Læringsverkstedet sine barnehagar vert ein føretrekt aktør i marknaden.
• Byggje en sterk kultur i barnehagen, velgje dei rette menneska som representerer og forsterkar den kulturen me ynskjer å ha
• Leie barnehagen i samsvar med lover, forskrifter, gjeldande tariffavtale,
Læringsverkstedet-konseptet, barnehagens gjeldande vedtekter, samt retnings linjer og økonomiske rammer og mål
• Sjå til at barnehagen drives i samsvar med Læringsverkstedets
Verdiplattform
• Sikre ein effektiv organisasjon med et godt arbeidsmiljø, bl.a. etterleving av
Læringsverkstedets kvalitetsstandard «Trygghet – Varme mennesker – Faglig best»
• Være ansvarleg for kontinuerlig evaluering og betring av alle område i verksemda

Kvalifikasjoner
• Godkjend 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskolærar
• Erfaring frå liknande stilling er ynskjeleg
• Gode leiareigenskaper
• God økonomiforståing
• Svært gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
(i samsvar med barnehageloven §18

Personlige egenskaper
• Faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med
• Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
• Identifisere deg med Læringsverkstedets verdiar
• Driv og evne til å arbeide godt under press
• Høg arbeidskapasitet
• Positiv, initiativrik og løysningsorientert
• God gjennomføringsevne

Politiattest må leggjast fram før tiltreding, men ikkje leggjast
ved søknaden. Personleg eigenskaper vil vektleggjast.

Vi tilbyr
• Kompetanseutvikling gjennom Læringsverkstedet
Akademiet og jamlege samlingar
• Ressursbank for alle tilsette, med tilgang til mykje felles materiell,
elektroniske verktøy og støttesystem
• Moglegheit til å læra, vekse og lykkast
• Tariffavtale gjennom PBL
• Samarbeid med andre Læringsverkstedet barnehagar,
felles intranett og system
• Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
• IA bedrift

Sunnhordland