Utdanningsstilling i allmennmedisin, ALIS

Bjørnafjorden kommune
Lege
Helse
Søknadsfrist: 20. juli 2020
Publisert: 23. juni 2020

Fastløna legestilling

Bjørnafjorden kommune har 25 legar med ulike listestorleikar i kommunen, fordelt på to kommunale og fleire privatdrevne fastlegekontor. Vi har døgnopen legevakt to stader i kommunen, på Moberg og i Eikelandsosen.

Bjørnafjorden kommune har no ledig ei fastlønna legestilling. Stillinga er tilknytt legekontoret i Eikelandsosen med totalt 5 fastlegar, og det blir sikra rettleiing og tilrettelegging for spesialistutdanning. Stillinga inneber også arbeidspraksis på helsestasjon, sjukeheim, ØHD-seng og legevakt. Legen forpliktar seg til å gjennomføra dei kurs og delta i rettleiing og dei læringsaktivitetar som krevst for gjennomføring av spesialistutdanninga.

Legekontoret flytta før jul 2019 inn i flotte, nye lokale, som også blir nytta som legevaktstasjon. I same bygg ligg også
ambulansestasjon og helsestasjon. Legekontoret har dyktige helsesekretærar som utfører laboratorieundersøkelser/EKG/spirometri, etc. Lokala er velutstyrte. Vi har Infodoc Plenario journalsystem og elektronisk kommunikasjon med heimesjukepleia. Kommunen legg opp til 12-delt legevakt i Eikelandsosen, som er ein satellittstasjon til hovudlegevakta på Moberg. Legevakta er fastlønna og kan inngå i stillingsprosenten.

Det må søkjast elektronisk. Dokumentasjon på utdanning og attestar for tidlegare arbeidsforhold blir etterspurt ved innkalling til intervju.

Kvalifikasjonar

– Norsk autorisasjon og turnusteneste/LIS1 eller tilsvarande
– Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– God norskkunnskap både skriftleg og munnleg, tilsvarande «Bergenstesten»
– Førarkort
– Fagleg engasjement, evne til sjølvstendig arbeid med god pasientflyt og gode tverrfagleg samarbeidsevner
– At du er personleg eigna
– Krav om politiattest
– NOKUT-godkjend utdanning for søkjarar med utdanning frå utlandet.

Vi tilbyr

– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Rettleiing, kursing og 6 mnd. institusjonsteneste
– Vaktbil og vaktbustad til kostnadsfri disposisjon ved legevakt
– Hjelp til å skaffa bustad
– Barnehageplass
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten