Undervisningsstillingar ved Nore Neset ungdomsskule

Bjørnafjorden kommune
deltid heiltid Vikariat
Skule og undervising
Søknadsfrist: 14. april 2020
Publisert: 20. mars 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Undervisningsstillingar ved Nore Neset ungdomsskule

Beskrivelse

Ledige undervisningsstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.2020

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode
oppvekstvilkår for barna våre. Skuleutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad

Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2020-21 vil skulen ha om lag 440 elevar.
Verdigrunnlaget vårt byggjer på tre fokusområde: «Meistring, tryggleik og anerkjenning». Vi møter kvar elev med respekt
og omsorg, og vi legg vekt på aktivitetar som fremjar demokrati og demokratisk tankegang. Du kan lesa meir om Nore
Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Ønska kvalifikasjonar

Skulen treng trygge tilsette som har evne til å skapa gode relasjonar til ungdom og vaksne, og som er tydelege og engasjerte rollemodellar. Vi ser på god og tydeleg klasseleiing som viktig i læringsarbeidet. Tilsette må vera fleksible, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.

Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk, engelsk, tysk og kunst og handverk. Søkjarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. I tråd med opplæringslova krev vi at den som får tilbod om stillinga legg fram tilfedsstillande politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten