Undervisningsstillingar - Kuventræ barneskule

Bjørnafjorden kommune
deltid heiltid Vikariat
Skule og undervising
Søknadsfrist: 8. april 2020
Publisert: 20. mars 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Undervisningsstillingar – Kuventræ barneskule

Beskrivelse

Vi har ledig lærarstillingar i fast stilling og årsvikariat frå 1. august 2020

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode
oppvekstvilkår for barna våre. Skuleutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt
læringsmiljø.

Arbeidsstad

Kuventræ barneskule ligg like ved Kuventræ idrettsplass, og har i dag omlag 365 elevar og 45 medarbeidarar. Skulen
ligg flott plassert, med gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Visjonen vår er at «på Kuventræ barneskule skal
ingen vera utanfor», og dette legg vi stor vekt på i alt vi gjer.

Arbeidsoppgåver

Lærararbeid med undervisning på 1. – 7 trinn i både små og store grupper.
Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar

Lærarutdanning med kompetanse til å undervise i barneskulen. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Ønska kvalifikasjonar

Vi ønskjer oss gjerne medarbeidarar med kompetanse og erfaring innanfor begynnaropplæring, IKT, spesialpedagogikk, realfag og praktisk- estetiske fag (musikk, kunst- og handtverk)
I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar. Vi ønskjer oss snille og gode medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

I tråd med opplæringslova krev vi at den som får tilbod om stillinga legg fram tilfredsstillande politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten