Tilkallingsvikarar 2020 - Tilrettelagte tenester vaksne

Bjørnafjorden kommune
Tilkallingsvikar
Helse
Søknadsfrist: 15. desember 2020
Publisert: 5. mars 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Tilkallingsvikarar 2020 – Tilrettelagte tenester vaksne

Beskrivelse

Tilrettelagte tenester vaksne i Bjørnafjorden kommune har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag- kveld- og nattskift.
Som tillkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til
behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar med utviklingshemming over 18 år. Tenesta består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.

Ta med i søknaden din om det høver best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.

Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng
for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har relevant helse- sosialfagleg eller pedagogsik utdanning eller er i eit slikt utdanningsløp.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.

Det blir og lagt vekt på personlege eigenskapar:
– du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– du er positiv og lærevillig
– du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten