Tilkallingsvikarar 2020 - Luranetunet bu- og behandlingssenter

Bjørnafjorden kommune
Tilkallingsvikar
Helse
Søknadsfrist: 30. november 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Tilkallingsvikarar 2020 – Luranetunet bu- og behandlingssenter

Beskrivelse

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeida dag-, kveld- og nattskift

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til
behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Vi har behov til ekstrahjelp/ringevikar ved ved sengepostane og i reinhalds- og vaskeriavdelinga.

Arbeidsstad

Lurnaetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet har 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, samt serviceavdelingar.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. For meir informasjon sjå Luranetunet si facebookside.

Kvalifikasjonar

Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp men dette er ikkje eit krav.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til er relevant.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som at;
– du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– du er positiv og lærevillig
– du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk – spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten