Tilkallingsvikarar 2020 - Heimetenester Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune
Tilkallingsvikar
Helse
Søknadsfrist: 15. desember 2020
Publisert: 8. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Tilkallingsvikarar 2020 – Heimetenester Eikelandsosen

Beskrivelse

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?

Då kan du vera den rette for oss!

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-, kveld- og nattevakter.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid eller plikt til å påta seg tilbydd arbeid.

Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar i heimesjukepleien og ved dagsenteret.

Arbeidsstad

Heimetenester Eikelandsosen – heimesjukepleie og heimehjelp i
gruppe 1 Baldersheim
gruppe 2 Eikelandsosen
Dagsenter for eldre og demente

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp, men dette er ikkje eit krav.
Om du er ufaglært og har interesse for arbeid med mennesker er du også velkommen til å søkja. Di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve relevans.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
– gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
– evne til å møte andre på ein respektfull måte.
– du må vera fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande.
– kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunskapar og gjennført norsktest B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten