Tilkallingsvikar - Bufellesskap psykisk helse

Bjørnafjorden kommune
Tilkallingsvikar
Helse
Søknadsfrist: 30. november 2020
Publisert: 22. oktober 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Tilkallingsvikar – Bufellesskap psykisk helse

Beskrivelse

Ønskjer du å skaffa deg verdifull og spennande erfaring?

Bjørnafjorden kommune har to bufellesskap for personar over 18 år med alvorleg psykisk liding: Stegen og Grantun.
Avdelinga er organisert under Helse & Velferd, Psykisk helse og rustenester.

Vi søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar.Tilsetjing vert gjort fortløpande, så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsstad

Grantun bufellesskap er eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar. Grantun har 16 leilegheiter, krisehybel og
fellesareal. Vi har som visjon å skape tryggheit, forutsigbarheit, trivsel og gi rom for eigenutvikling.

Arbeidsoppgåver

Som vikar hjå oss vil du ta del i miljøarbeid, dokumentasjon i Profil, og dagleg oppfølging av bebuarar. Merk at
arbeidet er i turnus med helgevakter eller som våken nattevakt.

Kvalifikasjonar

Du må vere 20 år.
Det er ønskjeleg med helsefagleg bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid med vaksne menneske.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B, manuell gir.

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend.

Vi tilbyr

God opplæring og fagleg veiledning.
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljlø med trivelege og dyktige kollegaer.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten