Styrar ved Lysekloster barnehage - Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune
heiltid
Barnehage Styrar
Søknadsfrist: 13. april 2020
Publisert: 19. mars 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Styrar ved Lysekloster barnehage – Bjørnafjorden kommune

Beskrivelse

Lyst å leie og utvikle Lysekloster barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Vi har ledig 100 % fast stilling som styrar ved Lysekloster barnehage frå 01.08.2020

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Lysekloster barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng ein styrar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Barnehagen sine verdiar «Meistring, tryggleik og anerkjenning» er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Du vil inngå i leiargruppa for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, og med det delta i tverrfagleg samarbeid, organisasjons- og leiarutvikling. Oppvekstområdet består av kommunale barnehagar, skular, PPT, Barnevern og Førebyggane helseteneste. Som styrar vil du vere ein sentral aktør i kommunen sitt utviklingsarbeid retta mot barn og unge. Du skal, saman med dei andre leiarane på Oppvekstområdet, bidra til felles kulturbygging og gode og heilskapelege tenester på tvers.

Arbeidsstad

Lysekloster barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i Lysefjorden som innbyr til leik og undring. Lysekloster barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 20 tilsette og ca. 70 barn fordelt på 4 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og vi skal gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver

– Hovudansvar for den pedagogiske verksemda i barnehagen og leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
– Utvikle barnehagen sitt leiarteam og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon
– Personalansvar
– Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
– Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett
– Bidra i tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Vidareutdanning innanfor administrasjon og leiing, gjerne nasjonal styrarutdanning.
Leiarerfaring frå barnehage.

Vi ser etter deg som:
– har gode administrative kunnskapar og evne til strategisk tenking og langsiktig planlegging
– har evne og vilje til å utvikle barnehagen sin praksis i tråd med oppdatert forsking og kunnskap på feltet, og samtidig møte lokale forhold
– er løysingsorientert og god på organisering. Du har evne til å drive personalleiing som inspirere andre, bidrar til arbeidsglede og får fram den enkelte sitt potensiale
– har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
– har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for leik og læring
– har evne å jobbe sjølvstendig med ansvar for heilskapleg drift av barnehagen og ha gode samarbeidsevner med foreldre/føresette og barnehagen sine samarbeidspartar
– har evne og vilje til å vidareutvikle barnehagen som lærande organisasjon og styrke det profesjonelle fellesskapet

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Leiarstøtte og mentor-ordning
– Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten