Sosialkurator - NAV Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune
heiltid Vikariat
Sosialkurator
Søknadsfrist: 21. september 2020
Publisert: 7. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Sosialkurator – NAV Bjørnafjorden

Beskrivelse

Ved NAV Bjørnafjorden er det ledig 100% vikariat med oppstart snarast. Vikariatet er ut året med mulighet for forlenging.

Arbeidsstad

NAV Bjørnafjorden

Arbeidsoppgåver

Stillinga er for tida plassert i avdeling avklaring, velferd og forvaltning. I hovudsak inneber stillinga avklaring, saksbehandling og rettleiing av tenestemottakarar med behov for sosiale tenester.
Du vil og få oppgåver i vårt løysingsteam, herunder ta del i ymse merkantile funksjonar og publikumsmottak.
Ved behov vil du og ta del i saksbehandling av søknader om redusert foreldrebetaling.

Kvalifikasjonar

Du må ha 3-årig sosialfagleg og/eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet.
Vidare er det ynskeleg at du har erfaring frå arbeid i NAV.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi er ein organisasjon i endring. Vi ser difor etter medarbeidar som er positiv, samarbeidsvillig, sjølvstendig og som trives med mange og varierte arbeidsoppgåver, og som på eige ansvar tek del der det er behov.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten