Sjukepleiar / Vernepleiar 100% fast stilling

Bjørnafjorden kommune
Heiltid
Helse
Søknadsfrist: 2. desember 2020
Publisert: 19. november 2020

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommune. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sjukepleiar / Vernepleiar 100% fast stilling

Beskrivelse

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med
Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass ogfriluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule.

Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Det vil vera nokre langvakter i turnusen.

Arbeidsstad

Ledig stilling er f.t ved Os avlastning

Arbeidsoppgåver

– Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
– Førebygging, habilitering og rehabilitering.
– Bistand til brukere for at dei skal kunne gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
– Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak.
– Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og/eller koordinatorarbeid.
– Aktivt arbeide saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sinepårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
– Oppfølging og rettleiing til pårørande.

Stillinga er knytt opp mot arbeid i heim og i stor grad knytt opp mot eit born med behov for tett oppfølging.

Kvalifikasjonar

– Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
– Relevant erfaring frå arbeid med barn/ungdom med nedsett funksjonsevne vil vere ein fordel men ikkje eit krav
– Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt særleg vekt på din kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Kven er du?

Du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, og liker utfordringer.
Du er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige.
Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner.
Du er klar for noko nytt og spennande og er endringsvillig og spontan.
På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heilhetleg tilbod.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten