Sjukepleiar - Rehabiliteringsavdelinga Luranetunet bu- og behandlingssenter

Bjørnafjorden kommune
Sjukepleiar
Helse
Søknadsfrist: 19. august 2020
Publisert: 25. juni 2020

Ledig fast stilling

Vi har ledig fast stilling, som for tida er knytt til Rehabiliteringsavdelinga. Eigar av stillinga er i permisjon, derfor kan det bli aktuelt å jobba på anna avdeling når permisjonstida går ut i august 2021.
Rehabiliteringsavdelinga v/ Luranetunet er ein korttidsavdeling med 20 plassar. Avdelinga har spesialisert seg innan rehabilitering og har fleire fagpersonar innan dette fagfeltet. Pleiegruppa er sett saman av sjukepleiarar, vernepleiar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi samarbeider også tett med andre yrkesgrupper som kommunale ergo- og fysioterapitenester, logoped og lege. Vårt mål er å gi kvalitativt gode tenester tilpassa den einskilde sine behov. Avdelinga ligg i 1. etasje og har tilgang til både utvendig og innvendig sansehage, med lett tilgang til treningsrom.

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette – og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter.

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og sjukepleiarane er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på.

Kvalifikasjoner

Vi ønskjer oss deg som:
– har autorisasjon som sjukepleiar
– ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisere og stimulere bebuarane, og legg til rette for meistring og trening.
– deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
– er engasjert, positiv og villig til å lære.
– er fleksibel, endringsvillig, og som likar å arbeide i høgt tempo.
– er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
– bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og heller ikkje er redd for å bli kjent i andre avdelingar og bidra der om det trengst.

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Saman med dyktige kollegaer vil du utføre sjukepleiaroppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretatt
Søkjarar utanfor Norden må ha gode språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg (B2-nivå). Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten