Sjukepleiar - omlag 75 % stilling på natt - Heimetenester Os

Bjørnafjorden kommune
Deltid
Helse
Søknadsfrist: 3. november 2020
Publisert: 7. oktober 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Sjukepleiar – omlag 75 % stilling på natt – Heimetenester Os

Beskrivelse

Vi søkjer sjukepleiar til 75 % fast stilling på natt frå 01.11.20

Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Ønsker du jobbe på natt med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø er dette stillinga for deg!

Arbeidsstad

Pleie og omsorg, Heimetenester Os.

Arbeidsoppgåver

Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
Delta i utarbeiding av gode system og rutinar på natt
Dokumentera helsehjelp i Profil
Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar.
Ønskjeleg med erfaring frå heimetenesta.
Du er løysingsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Førarkort kl. B.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått » Bergenstest» (test i norsk – på høgare nivå)
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten