Sjukepleiar - 100 % stilling - Fusa bu- og behandlingssenter

Bjørnafjorden kommune
Sjukepleiar
Helse
Søknadsfrist: 17. august 2020
Publisert: 22. juni 2020

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?

Då er kanskje dette jobben for deg!

Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar frå 01.09.20.
Vi søkjer etter deg som ynskjer å arbeide tverrfagleg, samt vera med å bidra til eit god fag- og arbeidsmiljø.

Stillinga er knytt til demensavdelinga og har turnus med dag/aftenvakter og arbeid kvar 3. helg.
Er du den som har eit brennande engasjement for dei demente og ynskjer vera med å vidareutvikla tilbodet til dei? Då er dette rette staden for deg!

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgns-institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden
kommune. FBBS består av 2 langtidsavdelingar for personar med demens, 1 langtidsavdeling for somatisk og 1
korttids-/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Fbbs ligg sentralt plassert i Eikelandsosen, med nydeleg utsikt over fjorden. Dei siste åra har institusjonen vore
gjennom ei større ombygging med store gode rom, fine fargar og bilder.
I lag med gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette Fbbs til ein god plass å jobbe.
Fbbs har 16 plassar for personar med demens, fordelt på 2 avdelingar med 8 pasientar på kvar.
Avdelingane har eigne postkjøkken. Ein flott sansehage knyttar dei 2 avdelingane saman, og ein arbeidar på tvers av avdelingane.
Som sjukepleiar vil ein også være ein del av sjukepleiargruppa på FBBS der ein går ansvarsvakter på kveld og helg for alle avdelingar på FBBS.

Arbeidsstad

Fusa bu- og behandlingssenter, demensavdelinga

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorg.
Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare.
Observasjon og faglege vurderingar av pasientar
Delta i utarbeiding av gode system og rutinar.
Utøve og dokumentere helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk.
Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde.
Tverrfagleg samarbeid med kollegaer, brukarar, pårørande, og andre helsetenester.
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har/er:
Autorisasjon som sjukepleiar.
Gjerne med vidareutdanning innan geriatri elle psykiatri, men nyutdanna eller andre med relevant høgskuleutdanning er velkomen til å søkje.
Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Eit hjarta som bankar litt ekstra for eldre innan demensomsorg
Gode evner til observasjon og dokumentasjon
Ser viktigheten i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen,
og ser personen bak sin demenssjukdom og som legg til rette for meistring og meiningsfull kvadag for den enkelte
Bidrar positivt i arbeidsmiljøet og er opptatt av å gjere kvarandre gode
Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
Trives med ansvar og er trygg på deg sjølv, både som menneske og i rolla som sjukepleiar og kollega
Tåler at arbeidsdagen kan væra uforutsigbar og hektisk, men samtidig har evne til å bevara roen og finna gode løysningar i det handlingsrommet som me har til rådvelde

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Tverrfagleg samarbeid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten