Prosjektsjef

Bjørnafjorden kommune
heiltid
Prosjektsjef
Søknadsfrist: 28. september 2020
Publisert: 14. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Prosjektsjef

Beskrivelse

Spennande stilling for dyktig prosjektsjef

Vi har ledig stilling som leiar for prosjektavdelinga vår. Avdelinga er organisert under området samfunnsutvikling som er ei av 3 store kommunale einingar i Bjørnafjorden kommune. Alle investeringsprosjekt på teknisk side er samla i eiga eining og vert leia av prosjektsjef. Antall prosjekt i størrelse og variasjon, varierer frå år til år i samsvar med gjeldande politisk bestilling. Prosjektsjefen har ansvar for at prosjekta vert gjennomført etter tid, kostnad og kvalitet. Prosjektsjef er del av leiargruppa til området samfunnsutvikling

Sentrale arbeidsoppgåver

– leie prosjektavdelinga og sørge for at avdelinga til ei kvar tid har nok kapasitet og kompetanse
– ha overordna ansvar for alle investeringsprosjekta på teknisk side
– ha aktiv kontakt med marknaden
– gjennomføre eigne prosjekt
– utvikle arbeidsprosessar
– personal- og budsjettansvar

Kvalifikasjonar

– bachelor- eller mastergrad innan teknisk fag er ein føresetnad (VA, samferdsel, bygg)
– erfaring med entrepriseformer; kalkulering, eigedomsutvikling og prosjektutvikling
– erfaring med prosjekt- portefølje og usikkerhetsstyring av prosjekter
– erfaring med og kjennskap til byggebransjen
– leiarerfaring
– resultat frå tidlegare arbeid vert vektlagd
– utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Ei nøkkelrolle i å vidareutvikle ein kommune i sterk vekst
Høgt investeringsbudsjett
Interessante og krevjande oppgåver i prosjekt av ulikt omfang
Ein godt etablert organisasjon med godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale, god pensjonsordning

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten