
Operasjonssjukepleiar 100% fast
Søknadsfrist: | 1. april 2023 |
Publisert: | 1. februar 2023 |
Operasjonssjukepleiar 100% fast stilling, dagarbeid.
Kysthospitalet i Hagevik/ KIH Operasjonsavdeling, Helse Bergen
Kysthospitalet i Hagevik er eit ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk i Helse Bergen og ligg i Os/Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med elektiv protesekirurgi i hofte og kne, ryggkirurgi og noko dagkirurgi. Operasjonseininga har 4 fine operasjonsstover som alle har dagslys.
Vi håper du vil bli ein av våre nye medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientomsorg, vi set pasienten først
- Steril og usteril assistanse, instrumentbehandling
- Medverke til endring og vidareutvikling av prosedyrar
- Samarbeid med andre yrkesgrupper både i eigen eining og heile sjukehuset
- Rettleiing av studentar i operasjossjukepleie
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar og godkjend vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Du må ha grunnleggande IKT kompetanse, opplæring i interne program blir gitt
- Dersom du har erfaring frå ortopedi frå før er det ein fordel, men inga føresetnad
- Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du må vere sjølvstendig, fleksibel og like å jobbe i team til beste for pasienten
- Du må kunne jobbe strukturert og er ansvarsbevisst
- Godt samarbeide med ulike profesjonar
- Vi ønsker at du saman med oss bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med gode kollegaer
- Dagarbeid frå måndag til og med fredag, fri helg og høgtid
- Vi held eit høgt fagleg nivå
- Lønn er i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gje best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.