Nore Neset skulekorps søkjer etter to dirigentar

Nore Neset skulekorps
Dirigent
Skulekorps
Søknadsfrist: 20. juni 2021
Publisert: 1. juni 2021

Nore Neset skulekorps er eit generasjonskorps med 27 medlemmer
fordelt på aspirantar, juniorkorps og hovudkorps. Korpset tok
andreplass i klassen for generasjonskorps under Hordablæsten 2021. Vi
øver i lokale hjå Nore Neset barneskule i Bjørnafjorden kommune.

Målsetjinga til Nore Neset skulekorps er å bli eit sjølvstendig skulekorps, og 5-årsmålet er å
vera eit komplett korps med full besetning. Vår visjon: Eit komplett korps som medlemmene
og krinsen er stolt av. Våre verdiar: Inkluderande fellesskap, speleglede og engasjement.

Vi søker no etter
DIRIGENT TIL HOVUDKORPSET
Dirigenten vil ha det overordna musikalske ansvaret i korpset. Dirigenten må delta på
korpset sine øvingar ein kveld i veka, og dessutan på konsertar, arrangement, seminar og
styremøter etter nærare avtale. Dirigenten må kunne samarbeida godt med styret i korpset
og med korpset sine lærekrefter.
Ønska kvalifikasjonar:
– Relevant erfaring som dirigent.
– Relevant musikkfagleg utdanning.
– Repertoarkunnskap.
– Evne til å leggja til rette stemmer ved behov.

Vi søker også etter
DIRIGENT TIL JUNIORKORPSET
Dirigenten for juniorkorpset vil arbeida med juniorane i korpset, altså dei som er ferdige
med aspirantperioden, og enno treng meir trening før dei tar til i hovudkorpset. Stillinga
passar godt for ein person som ønsker å bygge opp erfaring innan dirigentfaget. Dirigenten
må kunne samarbeida godt med dirigenten i hovudkorpset.

Ønska kvalifikasjonar:
– Relevant musikkfagleg utdanning og/eller erfaring.
– Erfaring frå arbeid med barn og/eller ungdom.

For begge stillingane vil det leggast vekt på følgjande:

Personlege eigenskapar:
– Motiverande med musikalsk engasjement.
– Gode samarbeidsevner.
– Ønske om å bidra til å nå korpset sin målsetting.
– Godt lag med barn og ungdom.
– Kunne identifisera seg med korpset sine verdiar.

Vi kan tilby
– Eit engasjert korps med speleglade barn og unge.
– Mogelegheiter for utvikling.
– Honorar etter avtale.
Vi ber om at skriftleg søknad vert sendt innan 20. juni 2021 til styreleiar Kjersti Rogne,
kjersti@frurogne.no. Spørsmål kan rettast til korpsleiar Bente Føleide, tlf. 900 76 067 eller
styreleiar Kjersti Rogne tlf. 906 32 119.

Os & Fusaposten