Nattevaktstilling 49,47% - Vestre Lurane bufellesskap

Bjørnafjorden kommune
Deltid nattevakt
Helse
Søknadsfrist: 10. november 2020
Publisert: 28. oktober 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Nattevaktstilling 49,47% – Vestre Lurane bufellesskap

Beskrivelse

Ved Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Vestre Lurane Bufellesskap, er det i frå snarast ledig 49,47% stilling som nattevakt.

Arbeidsstad

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år med utviklingshemming. Tenestene består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.

Vestre Lurane ligg nokre få minutt i frå Os sentrum. I bufellesskapet bur 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov.

I tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar og ei avlastningsleilighet.

Arbeidsoppgåver

Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. «Kva er viktig for deg», skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Stillinga er i turnus som våken nattevakt, med arbeid 3. kvar helg.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning. Det vil bli lagt særleg vekt på erfaring for arbeid med personar med utviklingshemming, god relasjonskompetanse og at du er trygg i møte med ulike utfordringar. Ufaglærte med tilsvarande erfaring og personlege eigenskapar kan også bli vurdert.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten