Me søkjer etter nye medarbeidarar

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS
Arealplanleggjar Byggjesasbehandlar VA-Ingeniør
Kommunalteknisk planlegging Prosjektadministrasjon Regulering
Søknadsfrist: 20. juni 2021
Publisert: 7. juni 2021

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med 12 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Firmaet vart etablert i 1988.

Hovudoppgåvene er utarbeiding av reguleringsplanar, utarbeiding av byggjesaker, planlegging – prosjektering og byggjeleiing av kommunaltekniske anlegg, prosjektleiing og taksering og i sentrale deler av Hordaland og Bergen. Me har for tida oppdrag i om lag 10 kommunar i Hordaland. I eit firma av vår storleik er det ønskeleg at ein har brei kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt.

Me søkjer etter nye medarbeidarar:

Arealplanleggjar

Stillinga er eit vikariat over eit år frå 1. august 2020. Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet. Nyutdanna kan søkje.

Arbeidsoppgåver:
• Utarbeiding av reguleringsplanar med tilhøyrande plandokument.
• Utarbeiding av konsekvensutgreiingar.

Byggjesaksbehandlar

Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet. God skriftleg evne til formulering vil vere eit føremon. Nyutdanna kan søkje.

Arbeidsoppgåver:
• Ha rolla som ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for prosjekt innan både bygg og anlegg.
• Utarbeide erklæringar og andre avtaletekstar i samband med byggjesaker og andre prosjekt.
• Arbeide med ulike typar frådelingssaker og liknande knytt til endring av eigedommar.

VA-Ingeniør

Me søkjer etter ein erfaren person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet både knytt til planlegging og prosjektering, og som kan styrkje vår organisasjon.

Arbeidsoppgåver:
• Vere prosjektleiar for større prosjekt ofte i kombinasjon med fagfelt som vegprosjektering.
• Utarbeide tekniske planar, VA-Rammeplanar, flaumanalysar og planar for handtering av overvatn.

Felles kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning frå høgskule og universitetsnivå.
• Kunnskap om plan- og bygningslova, samt anna regelverk.
• Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring.

Ta kontakt med Andrè Bjørndal, tlf. 950 42 104 | andre@byggadmin.no
Søknaden kan sendast på: andre@byggadmin.no
Søknadsfrist: 20. juni 2021.

Os & Fusaposten