Bjørnafjorden PPT søker logoped til vikariat 100%

Bjørnafjorden kommune
vikar
Bjørnafjorden Kommune
Logoped
Søknadsfrist: 28. juli 2020
Publisert: 28. juli 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Logoped

Beskrivelse

Bjørnafjorden PPT søker logoped til vikariat 100%

Vikariatet er ein kombinasjon mellom utøvande spesialpedagogisk hjelp i barnehagane og utøvande logopedhjelp i skulane i Bjørnafjorden kommune.

Vikariatet er ledig i perioden 01/08/20 – 30/06/21

Pedagogisk fagsenter er ein del av pedagogisk psykologisk teneste (PPT). Fagsenteret er ei rettleiings – og oppfølgingsteneste som har ansvar for det spesialpedagogiske arbeidet retta mot barnehagane i kommunen. Fagsenteret sine oppgåver er å gje spesialpedagogisk hjelp til barnehagane og det enkelte barn, både i høve vedtak etter Barnehageloven § 19A, kompetanseheving og lavterskeltiltak. Fagsenteret bidrar óg i arbeid kring rettleiing og utvikling av tenestetilbod til barn med nedsett funksjonsevne.

Skulelogoped er organisert under PPT i Bjørnafjorden kommune. Skulelogopeden arbeidar utøvande med elevane i skulane og det er føresette som tar direkte kontakt om deira barn kan trenga logopedhjelp.

Vi søkjer etter logoped som ønskjer å jobbe direkte inn i barnehagane og skulane i Bjørnafjorden kommune.

Arbeidsstad

Barnehagane og skulane i Bjørnafjorden kommune / PPT Bjørnafjorden kommune.

Arbeidsoppgåver

– Spesialpedagogisk hjelp etter Barnehageloven § 19A
– Utøvande logopedhjelp til elevar etter Opplæringslova §1-3
– Jobbe saman med, og rettleie, personalet i barnehage/skule når det gjeld barnehagen/skulen som system og det individuelle barnet/eleven sine behov
– Samarbeid med føresette og andre instansar rundt barnet

Kvalifikasjonar

– Master i logopedi (utanlands mastergrad må vere NOKUT godkjend)
– Rettleiingskompetanse i høve heim og barnehage / skule
– Evne til å arbeide sjølvstendig, vise fleksibilitet og kreativitet i høve arbeidet
– Forståing for fokus på heilskap i arbeidet med barn
– God skriftleg og muntleg framstillingsevne og digital kompetanse
– Endringsvilje
– Gode samarbeidsevner i høve ulike arenaer og tenester med ulikt oppdrag

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr

– Utfordrande arbeidsoppgåver i eit hektisk og godt miljø
– Stor grad av sjølvstende i arbeidet
– Fagleg rettleiing
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og
– Løn etter gjeldande avtaler

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten