Ledig stilling som kyrkjelydsarbeidar

Den norske kyrkja, Fusa sokn
Fast Heiltid
Drift av kyrkja
Søknadsfrist: 16. mai 2021
Publisert: 29. april 2021

LEDIG STILLING SOM KYRKJELYDSARBEIDAR

med fokus på trusopplæring for barn og unge

Vil du bli med å byggje kyrkjelyd i Fusa?

Trivst du med barn og unge og ynskjer å formidle den kristne trua til dei?

Er du kreativ?

Vi har ledig stilling f.o.m. august 2021, etter nærare avtale. Fast stilling med prøvetid 6 mnd.

Stillingsstorleik: 100%

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Fusa sokn er geografisk likt tidl. Fusa kommune og har eit arbeid i 5 kyrkjer i tillegg til Eikelandsosen bedehus. Arbeidsfellesskapet lokalt består av prest, kantor, konsulent, dagleg leiar, medarbeidarkoordinator, kyrkjelydspedagog samt dagleg leiar i frivilligsentral og held kontor på Fjord`n Senter i Eikelandsosen.

Vi tilbyr spennande oppgåver og eit godt arbeidsmiljø, og vi ønskjer saman med mange frivillige medarbeidarar å byggje kyrkjelyd i Fusa sokn. Trusopplæringsarbeidet i Fusa sokn spenner over heile aldersspekteret 0-18 år, men me legg arbeidskabalen opp etter personlege eigenskapar og erfaring. Kva er du god på?

Arbeid mellom barn og unge i Fusa sokn er både breidde- og djupnerabeid, både tiltaksbasert og kontinuerlig arbeid og finn stad i kyrkjene våre og i bedehusa i bygdene. Det vert arbeidsdeling med leiande kyrkjelydspedagog og andre i staben. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.

Vi ønskjer søkjarar som:

· trivast med barn og ungdom

· har erfaring med arbeid blant barn og unge

· ynskjer å formidle kristen tru og evangeliet om Jesus til barn og unge

· har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team

· kan engasjere og motivere andre og arbeide målretta

· jobbar sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver

· er kreativ og har evne til nytenking

Primært søkjer vi personar med høgskuleutdanning, men andre kan også søkje. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Må disponere bil. Medlemskap i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest. Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor. Gode pensjonsordningar med medlemskap i KLP.

Ta gjerne kontakt med leiande kyrkjelydspedagog Norunn Rød Markhus, tlf.91637713, eller kyrkjeverje Kristine Fjeld, tlf.41426859, for meir informasjon. Søknad med CV via webcruiter, sjå link på www.kyrkja.no/fusa. Søknadsfrist: 16. mai 2021.

Os & Fusaposten