Kommunepsykolog

Bjørnafjorden kommune
Heiltid
psykolog
Søknadsfrist: 26. november 2020
Publisert: 11. november 2020

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommune. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Kommunepsykolog

Beskrivelse

Er du tydeleg, engasjert og har lyst til å arbeide i eit tverrfagleg team inn mot barn, unge og deira familiar? Bjørnafjorden kommune har ledig stilling som kommunepsykolog.

Arbeidsstad

Psykologstillinga er plassert i Oppvekst i kommunalsjefen sin fagstab for felles satsingar, og vil inngå i team med kommunepsykolog og andre fagstillingar. I området Oppvekst ligg barnehagane, skulane, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste.

Arbeidsoppgåver

– Klinisk arbeid med barn, unge og deira familiar
– Rettleiing til føresette
– Rettleiing og undervisning til andre tilsette i kommunen
– Deltaking i førebyggjande arbeid, t.d. grupper for barn/foreldre/tilsette
– Utforming og gjennomføring av tiltak på system- og gruppenivå
– Samarbeid med andre einingar
– Prosjektleiing

Kommunen har søkt om midlar i Program for folkehelsearbeid i Vestland. Prosjektet har som formål å styrke barn og unge sin tryggleik, trivsel, sjølvkjensle og psykiske helse. Det skal mellom anna vere fokus på skulenærvær, inkludering og relasjonsbygging. Satsinga vil ta utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming til oppvekstfeltet og inkluderer barnehage og skule, føresette og fritidsarenaer. Dersom kommunen får midlar vil delar av stillinga bli nytta som prosjektleiar i dei næraste 3 åra.

Det kliniske arbeidet vil i stor grad bli utført gjennom deltaking i Familieteamet og i det førebyggjande arbeidet jobbar du tett med tilsette og leiarar i andre einingar innanfor Oppvekstområdet.

Som psykolog hos oss får du god moglegheit til å vere med å utvikle stillinga.

Kvalifikasjonar

– Psykolog, gjerne spesialist i, barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi eller samfunns- og allmennpsykologi
– Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
– Erfaring frå, og ønskje om, å arbeide med systematisk førebygging

Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som:
– Er strukturert og fleksibel
– Er samarbeidsorientert og sjølvstendig
– Har god arbeidskapasitet og jobbar godt i team
– Ønskjer å bidra til å vidareutvikle kommunen sine tenester innanfor områda psykisk helse, helsefremming og folkehelse

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr

– Spanande stilling i ein kommune i utvikling
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Tverrfagleg samarbeid med dei ulike fagtenestene i kommunen
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten