HMS-rådgivar, 100% vikariat

Bjørnafjorden kommune
heiltid Vikariat
Helse Miljø sikkerhet
Søknadsfrist: 17. august 2020
Publisert: 6. juli 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

HMS-rådgivar, 100% vikariat

Beskrivelse

HMS handlar både om det mellommenneskelege, det organisatoriske og det fysiske arbeidsmiljøet. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å ha høg standard innan helse, miljø og sikkerheit. HMS skal vere ein integrert del av den daglege drifta for å skape sunne og trygge arbeidsplassar på alle nivå i organisasjonen. HMS-rådgivaren arbeider tett på leiarane i kommunen, og skal vere både rådgivar, pådrivar og utfordrar i HMS-arbeidet.

I kvalitetsavdelinga er det ledig eit vikariat i 100% stilling som HMS-rådgivar frå 1.11.2020 til 1.9.2021.

Arbeidsstad

Kvalitetsavdelinga inngår som ein del av kommunedirektøren sin stab i Bjørnafjorden rådhus. Avdelinga har ansvar for drift og utvikling av HMS, beredskap, kvalitet, personvern og overordna planarbeid i kommunen.

Arbeidsoppgåver

-Vere pådrivar i det kontinuerlege forbetringsarbeidet knytt til HMS og kvalitet
-Leie, motivere og drive utvikling av systema
-Arbeidsmiljøutvikling – pådrivar og rådgivar
-Sekretær for arbeidsmiljøutvalet
-Bidra i planlegging og gjennomføring av opplæring og informasjonskampanjar
-Følge opp hendingar, inkludert hjelpe med granskingar
-Gjennomføre HMS-revisjonar og støtte ved tilsyn ved behov
-Bidra til at kommunen har ei aktiv og velfungerande verneteneste
-Vere ansvarleg for rapportering og oppfølging av HMS-resultata
-Vere superbrukar på kvalitets- og HMS-systemet og tilhøyrande applikasjonar

Kvalifikasjonar

-Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
-Relevant erfaring kan erstatte deler av utdanningskravet
-Kjennskap til avtaleverket og lover/forskrifter på området
-Kunnskap om helse, miljø og sikkerheit
-Kunnskap og erfaring med ulike metodar for arbeid med kvalitet og forbetring
-Gode ferdigheiter i bruk av system, dokumentering og analysar
-God IT-kompetanse
-Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen
-Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent

Personlege eigenskapar

-God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
-Stor arbeidskapasitet
-Initiativrik og løysingsorientert
-Gjennomføringsevner som sikrar både kvalitet og effektivitet
-Strukturert, systematisk og sjølvstendig
-Fleksibel

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode arbeidstilhøve for medarbeidarane våre. HMS og kvalitetsarbeidet står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på kontinuerleg forbetring og prosesstankegangen.

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten