Helsesjukepleiar - skulehelsetenesta

Bjørnafjorden kommune
Heiltid Vikariat
Helse
Søknadsfrist: 26. november 2020
Publisert: 12. november 2020

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommune. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Helsesjukepleiar – skulehelsetenesta

Beskrivelse

Vil du vera med å gje born og unge i Bjørnafjorden kommune ein trygg oppvekst?

Førebyggande helseteneste har ledig vikariat i 100% stilling ved skulehelsetenesta, i perioden 4. januar til 30. juni 2021. Stillinga er knytt til ein stor barneskule i Bjørnafjorden kommune.

Arbeidsstad

Førebyggande helseteneste har om lag 30 tilsette og er organisert under kommunalsjef for Oppvekst saman med Barnevernstenesta, PPT, barnehagane og skulane. Eininga er delt i 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon og flyktninghelse og avdeling skule. Ledig stilling er ved skulehelsetenesta.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvane er knytt til ordinært førebyggande arbeid i skulehelsetenesta etter lovverk, retningsliner og kommunale målsetninger.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:
– har godkjend utdanning som helsesjukepleiar
– har førerkort klasse B

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som:

-har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
– har høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
– har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
– er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten