Helsejukepleiar - skulehelsetenesta

Bjørnafjorden kommune
deltid vikar
Helse
Søknadsfrist: 3. juni 2020
Publisert: 22. mai 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helsejukepleiar – skulehelsetenesta

Beskrivelse

Vil du vere med og gje born og unge i Bjørnafjorden kommune ein trygg oppvekst?

Førebyggande helseteneste har ledig vikariat i skulehelsetenesta. Stillinga er knytt til ein stor barneskule i Bjørnafjorden kommune.

80% vikariat frå 3. august 2020 til 01.august 2021

Førebyggande helseteneste har om lag 30 tilsette og er organisert under kommunalsjef for oppvekst saman med Barnevernstenesta, PPT, barnehagane og skulane. Eininga er delt i 3 avdelingar; avdeling jordmorteneste, avdeling helsestasjon og flyktninghelse og avdeling skule.

Arbeidsstad

Skulehelsetenesta

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er knytt til ordinært førebyggande arbeid i skulehelsetenesta etter lovverk, retningsliner og kommunale målsetninger.

Kvalifikasjonar

Godkjend utdanning som helsesjukepleiar
Ønskjeleg at du har førerkort klasse B

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har/er:
– gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
– høg arbeidskapasitet, er strukturert og organiserer arbeidet ditt på ein god måte
– evne til å arbeide sjølvstendig og i team
– brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten