Helsefagarbeidar - Heimetenester Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune
heiltid
Helse
Søknadsfrist: 21. september 2020
Publisert: 8. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helsefagarbeidar – Heimetenester Eikelandsosen

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og ønskjer spennande utfordringar i eit godt arbeidsmiljø?

Då er kanskje dette jobben for deg!

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu
lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Vi har ledig 100 % fast stilling frå snarast.

Dersom intern søkjar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig anna stilling for helsefagarbeidar i heimetenestene.

Arbeidsstad

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver

Gi tenester til brukarane som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare.
Dokumentera helsehjelp i Profil.
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid.
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgt.
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande.
Bidra til godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har/er:
– autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
– løysningsfokusert og fleksibel.
– har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
– har eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått «Bergenstesten» (test i norsk- høgare nivå)
Utdanning frå utlandet må vera NOKUT godkjent.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

Sjølvstendig og strukturert.
Løysingsorientert og endringsvillig.
Fleksibel og lojal.
God evne til etisk refleksjon over eigen praksis.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten