Helsefagarbeidar 100% fast på Luranetunet

Bjørnafjorden kommune
heiltid
Helse
Søknadsfrist: 24. februar 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er pr. 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 25 000 innbyggarar og vere i sterk vekst.
Vi vil legge til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helsefagarbeidar 100% fast på Luranetunet

Beskrivelse

Ledig fast 100 % vikarstilling ved Luranetunet bu- og behandlingssenter

Dersom du er helsefagarbeidar og kan tenkja deg å jobba på ulike avdelingar ved Luranetunet med ulike utfordringar; er du personen vi ønskjer til denne stillinga. Her har du mogelegheit til få brei klinisk erfaring. Stillinga eignar seg både for helsefagarbeidarar som er ute etter å byggja kompetanse, og for erfarne helsefagarbeidarar som ønskjer variasjon i arbeidsoppgåver og nye utfordringar.

Arbeidsstad

Luranetunet bu- og behandlingssenter

Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, samt serviceavdeling.
Vi har og ein flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag- og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Den faste vikaren vil bli nytta som vikar ved sengeavdelingane der det ut frå kvar tid er størst behov. Ein vil då arbeida i 100% stilling som vikar ved denne avdelinga og vikariata vil variera frå eit par månader til eit halvt år. Frå 2020 har kommunane Os og Fusa blitt slått saman til Bjørnafjorden kommune. Du vil finna informasjon om den nye kommunen på Bjornafjorden.no. Du vil også kunna lesa om Luranetunet på Facebooksida vår.

Kvalifikasjonar

– Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar
– Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– Du må vera løysningsorientert og fleksibel
– Du må ha eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg
– Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått norsktest tilsvarande nivå B2
– Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyra frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.

Os & Fusaposten