Helgestillingar - Heimetenester Os

Bjørnafjorden kommune
deltid Helgestilling Vikariat
Helse
Søknadsfrist: 21. september 2020
Publisert: 7. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helgestillingar – Heimetenester Os

Beskrivelse

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar?

Då kan du vera den rette for oss!

Vi har fleire ledige faste helgestillingar i omlag 13 % stilling frå snarast.

I tillegg har vi ledig eit vikariat på helg i 22 % stilling frå snarast fram til 31.03.21.

Arbeidsstad

Pleie og omsorg, Heimetenester Os

Arbeidsoppgåver

Pleie og miljørarbeid

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:
Helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent, evt andre med relevant helsefagleg erfaring.

– Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
– Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
– Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar.
Du kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.
Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten