Helgestillingar - Heimetenester Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune
Helgestilling
Helse
Søknadsfrist: 21. september 2020
Publisert: 8. september 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helgestillingar – Heimetenester Eikelandsosen

Beskrivelse

Ledige helgestillingar i gruppe 2 Eikelandsosen:

Fleire ledige helgestilling for helsefagarbeidar frå snarast

Stillingane er omlag 13 – 15 % i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu
lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Arbeidsstad

Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2

Arbeidsoppgåver

Pleie- og miljøarbeid.
Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering.
Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet.
Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid.
Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd.
Fokus på fagutvikling.
Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande.
Bidra til godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

Helsefagarbeidar, studentar innan helsefag, assistentar, evt andre med relevant helsefagleg erfaring.
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Bestått Norskkurs Nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Førarkort kl B.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

Sjølvstendig og strukturert.
Løysingsorientert og endringsvillig.
Fleksibel og lojal.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på «søk på stilling» og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen «Glemt brukernavn/passord» eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten