Helgestillingar - Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)

Bjørnafjorden kommune
Helgestilling
Helse
Søknadsfrist: 3. mai 2020
Publisert: 20. februar 2020

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst.
Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier.

Helgestillingar – Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)

Beskrivelse

Er du vår nye kollega?

Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og vera vår nye kollega? Då er du hjarteleg velkomen som søkjar.

Ved FBBS er det ledig faste helgestillingar i turnus frå 14 – 21 % stilling.

Arbeidsstad

Ledige helgestillingar ved dei ulike avdelingane ved FBBS
– langtidsavdeling for personar med demens
– langtidsavdeling for somatisk
– korttids-/rehabiliteringsavdeling

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Helgestilling består av arbeid 2 kvar eller 3 kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ynskjer.

Tilsetjing vert gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorg
Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon
Måltid-/kjøkkenarbeid.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller andre med relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert.

Vi ønskjer særleg å rekruttere deg som er student innan helse og sosialfagleg utdanning.
Vi søkjer også deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig.
Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Eit spennande og engasjert fagmiljø med eit godt arbeidsmiljø.
God opplæring i aktuell avdeling.
Arbeid med rom for faglege og personlege utfordringar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Os & Fusaposten